Norske ungdomspolitikar fekk nyleg smake og sjå kva havet har å by på. – Svært lærerikt og nyttig, var tilbakemeldingane då ungdommane vitja Sunnmøre.

I alt 14 ungdomspolitikarar frå heile landet blei med då FHL nyleg inviterte til ”En smakebit fra havet”. Hovudtanken bak turen er å la politikaren bli interessert i Noregs nest største eksportnæring, så tidleg som mogeleg. Måndag 28.2 og tysdag 1.3 gjekk difor turen til Sunnmøre og Ålesund. Med på turen var både leiarar og nestleiarar i ungdomspartia.
- Ei rekkje av desse kjem til å få leiande posisjoner i framtida. Kanskje er det ein framtidig statsminister som no har fått eit innblikk i næringa, seier direktør for næringsutvikling i FHL, Geir Ove Ystmark.
Gamalt og nytt
Under turen til Ålesundsregionen fekk ungdommane anledning til å sjå blant anna laks, klippfisk og eit innblikk i den ”nye bransjen” omega-3. Ungdommane fekk og sjå korleis fiskerinæringa har utvikla seg i Ålesund då dei vitja Ålesund Fikskerimuseeum.
- Vi har fått lære svært mykje og ikkje minst ete svært sunt, sa leiar av AUF, Eskild Pedersen då han vart intervjua av NRK om turen.
Sjå reportasjen som vart sendt i NRK her:
(spol deg ram til ca 7 minutt og 30 sekund) http://www.nrk.no/nett-tv/klipp/715970/
Visste du at Norge er verdensledende på oppdrett av atlantisk laks?
* * *
© Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening (FHL) - tlf: 99 11 00 00 - firmapost@fhl.no
Postboks 5471 Majorstuen, 0305 Oslo. Besøksadresse: Middelthunsgate 27, Majorstuen, Oslo