MSC-sertifisering av torsk og hyse fiska innanfor 12 nautiske mil er klar i dag. - Prosessen har vore sterkt forsinka og den endelege godkjenninga av det kystnære fisket etter torsk og hyse vert difor svært godt mottatt i næringa seier direktør Geir Ove Ystmark i FHL.

MSC er ein uavhengig, internasjonal, ikkje- kommersiell organisasjon som har utvikla sertifiseringsstandardar og ei miljømerkeordning forberekraftige og godt forvalta fiskeri.
Med dagens melding er det klart at all nordaustarktisk torsk og hyse MSC-sertifisert. Den norske torskekvoten i Barentshavet er i 2012 på heile 339.857 tonn. Torskebestanden i Barentshavet er i svært god forfatning og gytebestanden er i dag på eit rekordhøgt nivå. Den norske kvoten for hyse i Barentshavet er på vel 150.000 tonn.
Norge fremst
Noreg er den fiskerinasjonen i verda som har flest miljøsertifiserte fiskeri og alle dei store kommersielle fiskeria her til lands kan no smykke seg med MSC-logoen. Fokuset på berekraftige fiskeri er langt sterkare i marknadene ute i Europa enn det vi opplever her heime.
Mykje av dette skuldast dei utfordringane EU har med sine eigne fiskeri. Det er difor i fleire marknader naudsynt, særleg innanfor handelen, å ha ein nøytral tredjepart som kan godkjenne eit fiskeri som berekraftig for i det heile tatt få plass i butikkhyllene.
Fiskeria som no er sertifiserte etter MSC-standarden er nordaustarktisk hyse, nordaustarktisk torsk, nordaustarktisk sei, nordaustarktisk makrell, norsk vårgytande sild, nordsjøsild og nordsjøsei.
Samla næring bak
- Ei samla norsk næring har stått bak alle sertifiseringsprosessane som har vore gjennomførte for norske fiskeri. Ein er dermed sikra at alle som fiskar på bestanden, tilverkar og eksporterar kan bruke sertifiseringa, seier Ystmark.
MSC er ein uavhengig, internasjonal, ikkje- kommersiell organisasjon som har utvikla sertifiseringsstandardar og ei miljømerkeordning forberekraftige og godt forvalta fiskeri. MSC er i dag det globalt leiande miljømerket for villfisk. MSC-sertifiseringa er basert på ein omfattande tredjepartsrevisjon av fiskeriet, gjennomført av eit akkreditert sertifiseringsbyrå.
Geir Ove Ystmark
Jorulf Straume
Avdeling miljø:
Aina Valland
Direktør miljø i FHL
aina.valland@fhl.no
Tlf. 971 45 777
Brit Uglem Blomsø
Rådgiver miljø
brit.blomso@fhl.no
Tlf. 482 06 661
Trude H.Nordli
Rådgiver miljø
trude.h.nordli@fhl.no
Tlf. 975 37 319
Visste du at eksporten fra norsk havbruk for første gang passerte 33 milliarder kroner i 2010? Det utgjør 62% av den samlede eksportverdien fra norsk sjømat.
* * *
© Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening (FHL) - tlf: 99 11 00 00 - firmapost@fhl.no
Postboks 5471 Majorstuen, 0305 Oslo. Besøksadresse: Middelthunsgate 27, Majorstuen, Oslo